fredag 14. august 2009

O fryd og glede!

Som eg gler meg! No er det bare ei helg att, så skal eg i gong som fersk lærar på vidaregåande. Endeleg har rygg og armar også byrja oppføre seg (stor takk til fysioterapeut, treningssenter og sambuar), og dermed har eg stor tru på at dette skal bli bra. Årsplanane byrjar få ei brukeleg form, nervene er under kontroll.

Jippijai! Det skal bli kjekt å møte kollegaer og å få litt oversikt over skulen. Og så dukkar elevane mine opp på onsdag, spennande, spennande :) Sannsynlegvis ein likande gjeng, får ein tru.

Dette bloggprosjektet eg aktar å setje i gong er jo også unekteleg ganske spennande - eg er fersk innan sjangeren sjølv, men har ein tanke om at det kan bli eit nyttig verktøy for elevane si skrivetrening, og dessutan ein fin arena for refleksjon.

Forhåpentlegvis får eg gjennom året mange mogelegheiter til å bere fram gode gjetord frå klasserommet og hit.